søndag 18. september 2011

Haustbryllaup til bror og svigerinne



Bryllaupet kunne ikkje bli betre, i nydelege haustfargar på fjellet i Skjåk. Systra fekk gleda av å stå for utforming av alt grafisk, samt dekor og brudebukett.



Invitasjonen var laga med hausten som tema. All informasjon kom inn på eit halvt A4-ark, kart, praktisk info, invitasjon. Temaet på invitasjonen vart brukt til bortkort og sanghefte også.

Buketten var laga av kortreist rogn frå fjellsidene rundt Bismo. Rogn og lyng var bordpynt.



Og brudeparet...så fine så det!



søndag 8. mai 2011

Konfirmasjonsinvitasjon til ei fotballjente




Mi gode venninne Anbjørg har hatt konfirmant i år. I den samanhengen fekk eg gleda av å utforme konfirmasjonsinvitasjonen.



Konfirmanten heiter Ingrid og ho har stor interesse av fotball - noko som fekk spele ei ganske stor rolle i utforminga av invitasjonen..


Invitasjonen vart laga på eit A4-ark med instrukser korleis den skulle klippast og limast saman som ein fotball. Ballen inneheldt all informasjon om dagen, samt mange bilder av konfirmanten opp gjennom åra.




mandag 21. februar 2011

Anja speler tjueti

I 12 år har gjengen fra Ten Sing Norway 96/97 skrive julebrev til kvarandre. Eg har vore redaktør for denne blekka no i 4 år. Alle sender inn sine respektive bidrag som blir samla saman av redaktøren. Desse blir igjen satt saman til eit magasin som blir sendt ut til alle bidragsytarar.

Eg likar godt å jobbe med magasinformatet, så prøver samtidig å bruke anledninga til å utvikle eigen grafisk kompetanse.



Mitt brev frå 2010 er inspirert av eit kjent brettspel. Eg fann ut at dette formatet var perfekt for å fortelle om eit innhaldsrikt år. Her får ein sett saman bilder, tekst og annan informasjon på ein interessant måte.