onsdag 4. februar 2009

NOLLI + GATEBILDER OSLO


Jovisst er eg innom mange vakre kart i løpet av mine arbeidsdager (og fritidssyssler), men ingen slår Nolli-kartet...Eit fantastisk kart frå 1749 av Roma - som eg fekk gleda av å sjå i full skala då eg var på biennalen i Venezia i haust. Det flotte med dette kartet er at alle offentlige rom, om dei er inne eller ute, er kvite. På denne måten kan ein sjå korleis ein kan bevege seg i byen inn og ut av kirker, bibliotek, parkar, mm.. Her er ein liten detalj, men eg berre anbefalar alle som elskar kart om å sjekke dette ut!

Og eit anna tips som eg fann ut i dag: det fins gatebilder(panorama) av heile Oslo i kjempeoppløsning og fantastisk detaljert.
Sjekk denne sida http://kart.sesam.no -trykk på knappen for gatebilder - og kos deg - og det er nok berre å følge med her,snart blir det nok slike bilder av fleire norske byar også..

fredag 23. januar 2009

Ski

Årets første investering: Nye ski! Etter år med nomadeliv og ikkje friluftsliv i like stor grad, kjenner eg at marka ventar!
I dag henta eg difor heim desse fine skia...

Eg føler meg ganske så uvitande på denne fronten, så hadde alliert meg med min sambuar som har vore aktiv skiløpar i si tid... Og ikkje minst må eg skryte av mannen på Oslo Sportslager som hjelpte meg med valet - sjølv om dette dog er han sin jobb, så var eg veldig fornøgd. Skia er veldig lette, og stavane også - så dette blir bra.

Den første brukstesten skjer i morgon då sunnmørsjenter(GALAXY) og andre har leigt Sunnmørshytta i den flotte Oslo-marka. Kjenner eg gler meg!

onsdag 21. januar 2009

09 ting i 09

Så er det nye året godt i gang - 2008 var godt, 2009 vert bedre!

09 ting eg skal/vil i 09:

01) Fiske meir enn nokon gong(har funne ut at fisking er det ALLER beste eg veit!)* sjå ellers pkt. 7
02) Lære meg å ta gode bilete(har meldt meg på kurs i Oslo Kameraklubb - det blir så bra!)
03) NY....vert det mulig dette året skal tru? Denne byen er høgast på ønskelista akkurat no...
04) Sykle meir...prøver å opprettholde fjorårets GALAXY - akkurat no innandørs - ikkje like stimulerande -men alt går
05) Handarbeide - er i gang med heklinga
06) Oppdatere meg på musikkbilete akkurat no _ neste stopp BY:LARM 19.-21.feb
07) Lære å lage mange nye fiskeretter* sjå pkt. 1
08) Gå meir på kino
09) Tegne kart - kart er gøy !! Eit kart over stadnamn og landemerke på Ytre Standal står på lista!

So - ambisjonane er der - og er det nokon som vil vere med på mi reise gjennom 2009 - gi lyd!

tirsdag 2. desember 2008

Ein ruin i Oslo...



Oslo sitt viktigaste landemerke og mest besøkte turistattraksjon (ja kanskje fram til årets inntreden av operaen) er i dag ein skugge av seg sjølv. Ein vakker skugge må seiast! Tribunene er tatt ned, tårnet er borte, men geometrien og minna er framleis tilstade.
Eit slikt byggverk som er så stad- og funksjonsspesifikk er ein inspirasjon for einkvar arkitekt! Ikkje rart at konkurransa om den nye Holmenkollen engasjerte så mange. Eg fekk med meg utstillinga av alle 104 forslaga, og eg likte veldig godt vinnaren! Vi får gle oss til 2011 då eit nytt lysande landemerke inntar plassen….


torsdag 27. november 2008

Eg har ein paraply...


... og den kan fly!


Min nydelege nyanskaffa prikkete paraply fekk testa sine flyeigenskaper då vi reiste heim frå London på tysdag. Med eigen tag og karakterisert som spesialbagasje fekk han god service og kom fint fram til Oslo - eg er strålande fornøgd! Såg vel ikkje for meg at denne er ein trussel for omverda, men det hadde no seg slik at eg ikkje fekk ta han med inn i flyet...

torsdag 13. november 2008

Urbanisten i meg...

...vart ekstra glad når eg kom over dette bildet. Eit toalett kledd i fliser med kart. Det var så fint gjort at eg vart ganske så inspirert.
Innser at det fins så mange felt der ute i verden(les:internet) som eg kan tenke meg å lære meir om... I dag har eg vandra rundt på kartografer sine sider. Lager no stadig kart sjølv i jobbsamanheng, så her var det litt å hente.

søndag 9. november 2008

Bybygg I - Sentrum Scene




Fredag hadde eg den store gleda av å få med meg ein flott konsert på ei flott scene. Madrugada spelte på Sentrum Scene og det var meget bra!

Eg vart igjen minna på kor bra eg faktisk syns dette bygget funker i byen: eg presenterer herved bybygg I - Sentum Scene!

Tegna av Ove Bang og eit viktig bygg i funksjonalismen, Sentrum Scene er ei viktig brikke i eit sentralt byrom. Kva er det som gjer at eg liker dette bygget så mykje?
1) eit flott scenerom med god sikt og bra lyd!
2) eit pulserande byrom som kan huse alle 1000 konsertgåarar etterpå.
3) pub, kafè og kiosk som gir aktivitet til gate og byrom

Eg har litt problem med sjølve utforminga av plassen, men hører rykter frå landskapsarkitektane om at det er ting på gang! Dette bygget og rommet er ein av mine absolutte favorittar i det sentrale Oslo!