tirsdag 2. desember 2008

Ein ruin i Oslo...



Oslo sitt viktigaste landemerke og mest besøkte turistattraksjon (ja kanskje fram til årets inntreden av operaen) er i dag ein skugge av seg sjølv. Ein vakker skugge må seiast! Tribunene er tatt ned, tårnet er borte, men geometrien og minna er framleis tilstade.
Eit slikt byggverk som er så stad- og funksjonsspesifikk er ein inspirasjon for einkvar arkitekt! Ikkje rart at konkurransa om den nye Holmenkollen engasjerte så mange. Eg fekk med meg utstillinga av alle 104 forslaga, og eg likte veldig godt vinnaren! Vi får gle oss til 2011 då eit nytt lysande landemerke inntar plassen….


torsdag 27. november 2008

Eg har ein paraply...


... og den kan fly!


Min nydelege nyanskaffa prikkete paraply fekk testa sine flyeigenskaper då vi reiste heim frå London på tysdag. Med eigen tag og karakterisert som spesialbagasje fekk han god service og kom fint fram til Oslo - eg er strålande fornøgd! Såg vel ikkje for meg at denne er ein trussel for omverda, men det hadde no seg slik at eg ikkje fekk ta han med inn i flyet...

torsdag 13. november 2008

Urbanisten i meg...

...vart ekstra glad når eg kom over dette bildet. Eit toalett kledd i fliser med kart. Det var så fint gjort at eg vart ganske så inspirert.
Innser at det fins så mange felt der ute i verden(les:internet) som eg kan tenke meg å lære meir om... I dag har eg vandra rundt på kartografer sine sider. Lager no stadig kart sjølv i jobbsamanheng, så her var det litt å hente.

søndag 9. november 2008

Bybygg I - Sentrum Scene




Fredag hadde eg den store gleda av å få med meg ein flott konsert på ei flott scene. Madrugada spelte på Sentrum Scene og det var meget bra!

Eg vart igjen minna på kor bra eg faktisk syns dette bygget funker i byen: eg presenterer herved bybygg I - Sentum Scene!

Tegna av Ove Bang og eit viktig bygg i funksjonalismen, Sentrum Scene er ei viktig brikke i eit sentralt byrom. Kva er det som gjer at eg liker dette bygget så mykje?
1) eit flott scenerom med god sikt og bra lyd!
2) eit pulserande byrom som kan huse alle 1000 konsertgåarar etterpå.
3) pub, kafè og kiosk som gir aktivitet til gate og byrom

Eg har litt problem med sjølve utforminga av plassen, men hører rykter frå landskapsarkitektane om at det er ting på gang! Dette bygget og rommet er ein av mine absolutte favorittar i det sentrale Oslo!

torsdag 6. november 2008

Tog I


Eg elskar tog!


og vart SUVEREN mester når vi var på besøk med Lars og Marianne.

Spelet heiter Ticket to Ride og er veldig kjekt! Vi skal bygge togruter gjennom Amerika og det er ganske så mange strategiar ein kan nytte seg av.

Med dette tenker eg at Samferdselsministerposten snart er innan rekkevidde for min del og at eg kan byrje å bygge toglinjer for fullt i vårt eige land..


Tilleggsinfo: Yndlingsfargen min er blå...

onsdag 5. november 2008

Ein himmel i brann


Eg kan ikkje slutte å la meg fascinere av slike fenomen - himmelen sett frå mitt kontor på tirsdag var berre heilt imponerande fantastisk!

mandag 3. november 2008

Kvitt i marka


Har hatt ei nydelig helg! Laurdag var eg og Thea på ein fin tur frå Sognsvann til Frognerseteren. Vi vart ganske så overraska over kor kvitt det var blitt. Vi satser på fleire slike helger framover!

fredag 31. oktober 2008

Frk Puff


Eg elskar puff-ermar!

No er eg den glade eigar av dette plagget - ein nydeleg silkebluse med mykje puff frå Malene Birger. Kanskje den dyraste blusen eg nokon gong har kjøpt, men det var umulig for meg å gå forbi... Kanskje denne inspirasjonen kan overførast i mine hender(les:symaskin) slik at eg får "puffa" opp kvardagen på eiga hand?

Venezia


Ei trist løve

Å rusle rundt i gater fulle av lydskuggar frå eigne bein er ei flott oppleving!


Arkitekturbiennalen 2008 var ikkje den mest revolusjonerande, men inspirasjoner er det nok av i denne byen! Høgdepunkt: Prosecco, Carlo Scarpa Museum, den japanske paviljongen - og ein heil dag i sola på eit einaste torg!





Thea skisserer ein av mange ideer

tirsdag 19. august 2008

EG SYR



Jepp, endelig var eg i gang! Den siste veka har eg fått sydd mange småting...Vart særskilt glad for å finne oppskrifter på enkle bokser til å ha småting i. http://www.liv-toril.no/ . På denne sida er det veldig mykje, men ikkje minst...trinn for trinn beskrivelse av ein del mønster..firkantbokser blant anna....



Og så fekk eg sydd nok ei veske, her akkopagnert av yndlingsstolen min - ein klassiker - loppefunn til 40 kr!

mandag 11. august 2008

EIN VAKKER MANDAG...


Ingvild + Demba=Sant

søndag 10. august 2008

ARANJA PÅ BLOGG...


Sommerens språk har vore spansk. Har funne ut at dette store språket har eksepsjonelt mange ord på p....men ikkje minst er der minst to ord som kan assosierast ganske sterkt med eit anna namn eg har hørt om. Når eg så hadde bestemt meg for å opprette blogg, kva er vel ikkje bedre enn å få med seg eit vakkert lite svart vesen som har mange bein å stå på?