torsdag 27. november 2008

Eg har ein paraply...


... og den kan fly!


Min nydelege nyanskaffa prikkete paraply fekk testa sine flyeigenskaper då vi reiste heim frå London på tysdag. Med eigen tag og karakterisert som spesialbagasje fekk han god service og kom fint fram til Oslo - eg er strålande fornøgd! Såg vel ikkje for meg at denne er ein trussel for omverda, men det hadde no seg slik at eg ikkje fekk ta han med inn i flyet...

torsdag 13. november 2008

Urbanisten i meg...

...vart ekstra glad når eg kom over dette bildet. Eit toalett kledd i fliser med kart. Det var så fint gjort at eg vart ganske så inspirert.
Innser at det fins så mange felt der ute i verden(les:internet) som eg kan tenke meg å lære meir om... I dag har eg vandra rundt på kartografer sine sider. Lager no stadig kart sjølv i jobbsamanheng, så her var det litt å hente.

søndag 9. november 2008

Bybygg I - Sentrum Scene




Fredag hadde eg den store gleda av å få med meg ein flott konsert på ei flott scene. Madrugada spelte på Sentrum Scene og det var meget bra!

Eg vart igjen minna på kor bra eg faktisk syns dette bygget funker i byen: eg presenterer herved bybygg I - Sentum Scene!

Tegna av Ove Bang og eit viktig bygg i funksjonalismen, Sentrum Scene er ei viktig brikke i eit sentralt byrom. Kva er det som gjer at eg liker dette bygget så mykje?
1) eit flott scenerom med god sikt og bra lyd!
2) eit pulserande byrom som kan huse alle 1000 konsertgåarar etterpå.
3) pub, kafè og kiosk som gir aktivitet til gate og byrom

Eg har litt problem med sjølve utforminga av plassen, men hører rykter frå landskapsarkitektane om at det er ting på gang! Dette bygget og rommet er ein av mine absolutte favorittar i det sentrale Oslo!

torsdag 6. november 2008

Tog I


Eg elskar tog!


og vart SUVEREN mester når vi var på besøk med Lars og Marianne.

Spelet heiter Ticket to Ride og er veldig kjekt! Vi skal bygge togruter gjennom Amerika og det er ganske så mange strategiar ein kan nytte seg av.

Med dette tenker eg at Samferdselsministerposten snart er innan rekkevidde for min del og at eg kan byrje å bygge toglinjer for fullt i vårt eige land..


Tilleggsinfo: Yndlingsfargen min er blå...

onsdag 5. november 2008

Ein himmel i brann


Eg kan ikkje slutte å la meg fascinere av slike fenomen - himmelen sett frå mitt kontor på tirsdag var berre heilt imponerande fantastisk!

mandag 3. november 2008

Kvitt i marka


Har hatt ei nydelig helg! Laurdag var eg og Thea på ein fin tur frå Sognsvann til Frognerseteren. Vi vart ganske så overraska over kor kvitt det var blitt. Vi satser på fleire slike helger framover!