søndag 18. september 2011

Haustbryllaup til bror og svigerinne



Bryllaupet kunne ikkje bli betre, i nydelege haustfargar på fjellet i Skjåk. Systra fekk gleda av å stå for utforming av alt grafisk, samt dekor og brudebukett.



Invitasjonen var laga med hausten som tema. All informasjon kom inn på eit halvt A4-ark, kart, praktisk info, invitasjon. Temaet på invitasjonen vart brukt til bortkort og sanghefte også.

Buketten var laga av kortreist rogn frå fjellsidene rundt Bismo. Rogn og lyng var bordpynt.



Og brudeparet...så fine så det!



søndag 8. mai 2011

Konfirmasjonsinvitasjon til ei fotballjente




Mi gode venninne Anbjørg har hatt konfirmant i år. I den samanhengen fekk eg gleda av å utforme konfirmasjonsinvitasjonen.



Konfirmanten heiter Ingrid og ho har stor interesse av fotball - noko som fekk spele ei ganske stor rolle i utforminga av invitasjonen..


Invitasjonen vart laga på eit A4-ark med instrukser korleis den skulle klippast og limast saman som ein fotball. Ballen inneheldt all informasjon om dagen, samt mange bilder av konfirmanten opp gjennom åra.




mandag 21. februar 2011

Anja speler tjueti

I 12 år har gjengen fra Ten Sing Norway 96/97 skrive julebrev til kvarandre. Eg har vore redaktør for denne blekka no i 4 år. Alle sender inn sine respektive bidrag som blir samla saman av redaktøren. Desse blir igjen satt saman til eit magasin som blir sendt ut til alle bidragsytarar.

Eg likar godt å jobbe med magasinformatet, så prøver samtidig å bruke anledninga til å utvikle eigen grafisk kompetanse.



Mitt brev frå 2010 er inspirert av eit kjent brettspel. Eg fann ut at dette formatet var perfekt for å fortelle om eit innhaldsrikt år. Her får ein sett saman bilder, tekst og annan informasjon på ein interessant måte.

tirsdag 31. august 2010

Grafisk profil – bryllaupsfest Ytre-Standal


Når systra skal feire bryllaupsfest må det mykje planlegging og organisering til. Vestlandsjenta(frå Ytre-Standal - Norge) og vestlandsguten(frå Dakar – Senegal) feira med ein fantastisk fest i grindløa på Ytre-Standal siste dagen i juli. 80 gjester og stor dugnadsånd prega planlegginga og festen. Mykje måtte ordnast på førehand i løa – bygge dører, rekkverk, golv – og i tillegg alt arbeidet med grafisk materiale -invitasjon, bordkort, sanghefte/meny og takkekort.
Eg og systra starta prosessen med å finne eit konsept som vi syns kunne fungere og kom fram til å spele på svart og kvit – kjærleiken mellom motsetningane.



Logoen vart laga, og med den kom dei andre prosjekta som perler på ei snor. Eg leika med måter å bruke logoen på, fylt, i omriss eller penselstrøk, og såg samtidig på teknikkar for bretting og opning av invitasjon, sanghefte og takkekort. Veldig fornøgd med resultatet!
Invitasjonen vart sendt til trykkeriet som ville stille den ut – det var kjekt å høre.



Som ein tredje farge vart grønt innført – tepper, lyslykter, serviettar vart dekka på borda i løa.


Og festen? jau den vart så perfekt som vi berre kunne drøyme om - med senegalske musikarar, sangar og leikar!

søndag 4. april 2010

Når man blir 33



Jau - då har eg også fått denne fine alderen - 33. Av ein eller annan grunn så liker eg godt nummer med like tal - så eg er av dei som har gleda meg til denne dagen som var på mandag.

Eg feira dagen i Buenos Aires, fekk med meg frokost på utekafe - kake på neste hjørne - shopping og besøk i den flottaste bokhandel eg nokon gong har sett - eit konvertert teater.

Mi tante randi sendte meg melding der ho ynskte meg ein annleis dag...det som var mest annleis var nattbussreise paa 1.klasse - med ein Cama Suite.

Flyvertinneservice - vin, varm mat, kald mat...og seter som ein kan legge heilt ned. Kvifor har ikkje NORWAY Bussekspress desse? I så fall kunne nattbussreisa mot Sunnmøre vore meir aktuell...

lørdag 27. mars 2010

Meir Buenos Aires - og Uruguay

22. mars
Palermo og Universitetet
Jau vi er flinke aa fortsetter tradisjon med jogging. Dagen gaar til shopping i Palermo - som er omraadet Paola bor i. Det er ein kjempeflott gronn bydel med store allerekker i kvart gatelop. Paa kvelden blir vi med Paola paa universitetet der det er oppstart paa kurs for masterarkitektane og alle dei andre.... Eit heftig bygg fyllt med store mengder mennesker..i ein heilt annan dimensjon enn kva eg er vant med fraa vesle Norge.

23. mars
Soling og Feliz Cumple Año Flavia
Paa taket til Flavia og Paola er det ei deilig takterrasse med svommebasseng - grill og flott utsikt. Saa naar litt diverse sjukdom slaar ut fleire av dei andre involverte - tilbragte eg store deler av dagen der. Skal legge ut nokre bilder, men litt vanskelig her fraa internetkafeen.

Paa kvelden var det storfest for Flavia sin 30 aars dag. Ein haug med argentinske arkitekter og to norske feirer til langt paa natt.

24. mars
Meir soling - Uruguay next
Nok ein nydelig sommerdag paa taket ved bassenget. Eg klarer sjolvsagt aa bli solbrent - skulle tru at ein hadde vett nok til aa passe seg, men neida. Paa ettermiddagen tek eg og Marit baaten over Rio del la Plata til Colonia de Sacramento - som er paa UNESCO si verdsarvliste. Det er morkt naar vi kjem , men det er ein heilt annan by enn BA. 21000 innbyggarar og Veeeeldig stille i gatene.

25. mars
Colonia de Sacramento
Vi starter opp dagen med ein deilig joggetur paa ei lang strand rett ved sentrum. For vi faar sett paa verdsarvbyen finn vi ein nydelig liten kafe der vi har lunsj. Byen er ein stille by som ber preg av aa vere ein turiststad. Mykje ting og tang til hoge prisar. Det tek oss berre eit par timar for vi foler at vi har faatt sett det meste som er aa sjaa. Det er verkeleg flott, men ganske saa kjedelig som by. Saa vi vandrer tilbake til stranda der eg les ut boka eg hadde med meg medan sola gaar ned i havet. Som dei einaste gjestane paa ein restaurant i byen(ja det seier litt om kor stille det er i vekedagane!) faar vi ogsaa ein deilig middag.

26. mars
Montevideo
Vi staar opp tidleg og tek ein av dei tidlegaste bussane til Montevideo som er Uruguays hovedstad med en million innbyggarar. Her finn vi eit hotell i sentrum for vi vandrer avgaarde. Mykje meir liv, spannande butikkar(massevis av skobutikkar) og ein fantastisk bokhandel der eg faar kjopt meg noko meir lesestoff for turen. Byen er tydelig i endring i visse delar. Nokre omraader er litt meir slitne enn andre. Havneomraader og strandomraader. Og vi ser vatn fra alle vinkler. Montevideo ligg nemlig som ei halvoy - prinsipilet litt som NY men i ein heilt annan skala. Vi har til og med "a room with a view" - sjoutsikt fraa hotellet.

27.mars
Strand- og sykkelliv i Montevideo
I dag har vi leigt sykkel. Det er ein LANG promenade langs heile halvoya og vidare...med strender, benkar og masse liv! Vi fann ein lunsjplass der dei spesialiserer seg paa havets "frukt" som dei kaller det. Fann skilt med "Bacalao de Noruega" der. Ein av dei beste lunsjane paa heile oppholdet blir fortaert for vi vender nasa mot stranda for lesing og soling der. FOR EI STRAND! den heiter Playa de pocinito - som er "den lille stranda", men eg lurer paa om det er ironisk. Masse lokale uruguayske folk som nyter sin "Mate" - ein tedrikk som dei drikk overalt og til einkvar tid.

søndag 21. mars 2010

Buenos Aires



Etter lang tids dvale paa bloggen tenkte eg at eg kunne legge inn litt reiseskildringar fraa 2010-reisa..til Buenos Aires!

Lykken er aa ha gode vener i mange land. Eg har ei venninne i Buenos Aires som heiter Paola. Ho og Flavia, ei venninne av henne, kom paa Sunnmorsbesok til meg i fjor sommar. Allereie daa vart det bestemt at den o-store reisa for 2010 skulle gaa til Argentina. Reisefolget mitt er Marit.
16.mars
Lang flyreise fra kulde til varme.

Morgonflyet fraa Oslo viser eit landskap dekt med sno - nydelige fargar - og ein solstreif paa Norges nye hoppanlegg - Holmenkollen.

Frankfurt flyplass er stor og stygg..i mine auge - men transit til neste destinasjon er smertefri.

Lufthansa bringer oss videre paa den 13 timers direkte flytur til Buenos Aires. Er verkeleg imponert over god service og ikkje minst nydelig flymat paa denne flyturen. Kart viser stadig vaar posisjon - vi flyg over orken i Afrika og det store havet.

Naar vi flyg inn over Buenos Aires er det morkt - men du saa lyst - det er ein enorm by - og med ein rutenettplan som blir tydeliggjort av gatelykter - ei fantastisk innflygning.

Paola og Flavia plukker oss opp paa flyplassen og kjorer oss til leiligheita der dei bor i Palermo. Vi set oss paa taket ved bassenget og et og drikk godt i den varme sommertemperaturen.

17. mars
MALBA

Forste dag i byen vandrer vi rundt i omraadet og til ein av dei mange parkane i byen. Vi gaar paa Malba som er eit av byens store museum og ser paa viktig sor-amerikansk kunst det siste hundreaaret. Ikkje saa mange som eg kjenner til men...Frida Kahlo er ein av dei representerte.


Lunsj paa galleriet og heim for aa pleie litt vandreslitasje...det tek paa aa vere i full vandring med ikkje dei beste skoa. Om kvelden lyser eit forrykande torever opp heile byen - mykje meir ekstremt enn vi er vane med.

18.mars
Nasjonalbiblioteket og Empanadas

Vi starter opp ein mulig trend med morgonjogging i naeraste park og set kursen mot ein av dei mange lunsjplassane i omraadet. Her blir det forste mote med ein av dei viktigaste rettane argentinarane bruker - empanadas. Empanadas er fylt brod med forskjellige kjott eller gronnsaker. Minner litt om smaa calzoner.


Vi drar saa til Nasjonalbiblioteket - eit fantastisk fascinerande bygg i brutalistisk stil. Bygget er litt slitt men konseptet er veldig klart. Ein rein lesesal i toppen og boker og administrasjon kobla opp med heiser og trapper gjennom 4 baerande funksjonssoyler. Og fraa toppen er det nydelig utsikt - er nok fint aa lese der ja!
Litt fascinerande er det at vi her treffer vaar tyske reisepartner fraa lufthansa-flyet. I ein by paa mange millioner innbyggere er no det ein ganske bra prestasjon. Men saa drar vel turister til ganske saa like plasser kanskje...
Om kvelden vandrer vi rundt i Palermo for aa sjaa om det er nokre fine shoppingmuligheter, og finn vaar forste Argentinske biff. Nydelig! Perfekt grilla og saftig med ein god raud ein attaat.
19.mars
BOCA
Jau - vi opprettholder morgontradisjonen med jogging for dagen tek til for fullt. Dagens maal er BOCA som brukte aa vere og som i stor grad er eit fattig omrade. Her er det fargerike bygg og mange nips og ting til aa lokke turister med. Kjenner for min del at dette blir av og til litt for mykje men...det er uansett verdt aa faa med seg. Vi et ein nydelig lunsj paa eit ganske saa nytt moderne museum - der vi var litt uheldige ...midt mellom utstillinger. Men for ein arkitekt er det detaljer nok aa kose seg med - blant anna flotte detaljer ute og inne. Bussystemet er verdt ein eigen post her(kjem seinere), i landet der public buses vart oppfunne. men det er veldig kjekt, om enn veldig vanskelig aa ha nok smaapenger til aa faa tatt bussen....
Om kvelden gaar vi paa ein pub i naerheita og faar hoere Paolas bror spele gitar og synge - veldig bra!
20.mars
Poerto Madero og San Telmo
Ei lang morgonstund der vi forsoker aa booke mykje av videre reiser forer til at vi tilslutt berre klarer aa kjope billett til Uruguay - som vi reiser til paa onsdag for ei helg der. Etter litt skuffelse finn vi ut at vi boer kose oss - saa finn ein stad i havna for ein sein lunsj og kvitvin.
Poerto Madero er den forste havna til byen. her har det dei siste aara blitt gjort store transformasjoner, saa her er flust av kafeer og restauranter...og ikkje minst ein promenade der mange er ute paa vandring. Dette omraadet blir rekna som eit av dei tryggaste i Buenos Aires, men ogsaa ganske utypisk. Vi planleggarar kjenner iallefall til typen - renoverte havneomraader. Noko som eg vart veldig glad for aa sjaa var dei store parkane og naturreservatet som ligg rett ved. Tok masse bilder som eg skal faa lagt ut snart...og vart veldig inspirert med maaten aa haandtere forurensa masser/restmasser for aa skape flotte uteomraader.
san telmo var neste omraadet der vi provde oss paa litt shopping for butikkane stengte og vi fann ein flott Art Noveau-cafe som vi tilbragte mesteparten av kvelden i.

onsdag 4. februar 2009

NOLLI + GATEBILDER OSLO


Jovisst er eg innom mange vakre kart i løpet av mine arbeidsdager (og fritidssyssler), men ingen slår Nolli-kartet...Eit fantastisk kart frå 1749 av Roma - som eg fekk gleda av å sjå i full skala då eg var på biennalen i Venezia i haust. Det flotte med dette kartet er at alle offentlige rom, om dei er inne eller ute, er kvite. På denne måten kan ein sjå korleis ein kan bevege seg i byen inn og ut av kirker, bibliotek, parkar, mm.. Her er ein liten detalj, men eg berre anbefalar alle som elskar kart om å sjekke dette ut!

Og eit anna tips som eg fann ut i dag: det fins gatebilder(panorama) av heile Oslo i kjempeoppløsning og fantastisk detaljert.
Sjekk denne sida http://kart.sesam.no -trykk på knappen for gatebilder - og kos deg - og det er nok berre å følge med her,snart blir det nok slike bilder av fleire norske byar også..

fredag 23. januar 2009

Ski

Årets første investering: Nye ski! Etter år med nomadeliv og ikkje friluftsliv i like stor grad, kjenner eg at marka ventar!
I dag henta eg difor heim desse fine skia...

Eg føler meg ganske så uvitande på denne fronten, så hadde alliert meg med min sambuar som har vore aktiv skiløpar i si tid... Og ikkje minst må eg skryte av mannen på Oslo Sportslager som hjelpte meg med valet - sjølv om dette dog er han sin jobb, så var eg veldig fornøgd. Skia er veldig lette, og stavane også - så dette blir bra.

Den første brukstesten skjer i morgon då sunnmørsjenter(GALAXY) og andre har leigt Sunnmørshytta i den flotte Oslo-marka. Kjenner eg gler meg!

onsdag 21. januar 2009

09 ting i 09

Så er det nye året godt i gang - 2008 var godt, 2009 vert bedre!

09 ting eg skal/vil i 09:

01) Fiske meir enn nokon gong(har funne ut at fisking er det ALLER beste eg veit!)* sjå ellers pkt. 7
02) Lære meg å ta gode bilete(har meldt meg på kurs i Oslo Kameraklubb - det blir så bra!)
03) NY....vert det mulig dette året skal tru? Denne byen er høgast på ønskelista akkurat no...
04) Sykle meir...prøver å opprettholde fjorårets GALAXY - akkurat no innandørs - ikkje like stimulerande -men alt går
05) Handarbeide - er i gang med heklinga
06) Oppdatere meg på musikkbilete akkurat no _ neste stopp BY:LARM 19.-21.feb
07) Lære å lage mange nye fiskeretter* sjå pkt. 1
08) Gå meir på kino
09) Tegne kart - kart er gøy !! Eit kart over stadnamn og landemerke på Ytre Standal står på lista!

So - ambisjonane er der - og er det nokon som vil vere med på mi reise gjennom 2009 - gi lyd!

tirsdag 2. desember 2008

Ein ruin i Oslo...



Oslo sitt viktigaste landemerke og mest besøkte turistattraksjon (ja kanskje fram til årets inntreden av operaen) er i dag ein skugge av seg sjølv. Ein vakker skugge må seiast! Tribunene er tatt ned, tårnet er borte, men geometrien og minna er framleis tilstade.
Eit slikt byggverk som er så stad- og funksjonsspesifikk er ein inspirasjon for einkvar arkitekt! Ikkje rart at konkurransa om den nye Holmenkollen engasjerte så mange. Eg fekk med meg utstillinga av alle 104 forslaga, og eg likte veldig godt vinnaren! Vi får gle oss til 2011 då eit nytt lysande landemerke inntar plassen….


torsdag 27. november 2008

Eg har ein paraply...


... og den kan fly!


Min nydelege nyanskaffa prikkete paraply fekk testa sine flyeigenskaper då vi reiste heim frå London på tysdag. Med eigen tag og karakterisert som spesialbagasje fekk han god service og kom fint fram til Oslo - eg er strålande fornøgd! Såg vel ikkje for meg at denne er ein trussel for omverda, men det hadde no seg slik at eg ikkje fekk ta han med inn i flyet...

torsdag 13. november 2008

Urbanisten i meg...

...vart ekstra glad når eg kom over dette bildet. Eit toalett kledd i fliser med kart. Det var så fint gjort at eg vart ganske så inspirert.
Innser at det fins så mange felt der ute i verden(les:internet) som eg kan tenke meg å lære meir om... I dag har eg vandra rundt på kartografer sine sider. Lager no stadig kart sjølv i jobbsamanheng, så her var det litt å hente.

søndag 9. november 2008

Bybygg I - Sentrum Scene




Fredag hadde eg den store gleda av å få med meg ein flott konsert på ei flott scene. Madrugada spelte på Sentrum Scene og det var meget bra!

Eg vart igjen minna på kor bra eg faktisk syns dette bygget funker i byen: eg presenterer herved bybygg I - Sentum Scene!

Tegna av Ove Bang og eit viktig bygg i funksjonalismen, Sentrum Scene er ei viktig brikke i eit sentralt byrom. Kva er det som gjer at eg liker dette bygget så mykje?
1) eit flott scenerom med god sikt og bra lyd!
2) eit pulserande byrom som kan huse alle 1000 konsertgåarar etterpå.
3) pub, kafè og kiosk som gir aktivitet til gate og byrom

Eg har litt problem med sjølve utforminga av plassen, men hører rykter frå landskapsarkitektane om at det er ting på gang! Dette bygget og rommet er ein av mine absolutte favorittar i det sentrale Oslo!

torsdag 6. november 2008

Tog I


Eg elskar tog!


og vart SUVEREN mester når vi var på besøk med Lars og Marianne.

Spelet heiter Ticket to Ride og er veldig kjekt! Vi skal bygge togruter gjennom Amerika og det er ganske så mange strategiar ein kan nytte seg av.

Med dette tenker eg at Samferdselsministerposten snart er innan rekkevidde for min del og at eg kan byrje å bygge toglinjer for fullt i vårt eige land..


Tilleggsinfo: Yndlingsfargen min er blå...

onsdag 5. november 2008

Ein himmel i brann


Eg kan ikkje slutte å la meg fascinere av slike fenomen - himmelen sett frå mitt kontor på tirsdag var berre heilt imponerande fantastisk!

mandag 3. november 2008

Kvitt i marka


Har hatt ei nydelig helg! Laurdag var eg og Thea på ein fin tur frå Sognsvann til Frognerseteren. Vi vart ganske så overraska over kor kvitt det var blitt. Vi satser på fleire slike helger framover!

fredag 31. oktober 2008

Frk Puff


Eg elskar puff-ermar!

No er eg den glade eigar av dette plagget - ein nydeleg silkebluse med mykje puff frå Malene Birger. Kanskje den dyraste blusen eg nokon gong har kjøpt, men det var umulig for meg å gå forbi... Kanskje denne inspirasjonen kan overførast i mine hender(les:symaskin) slik at eg får "puffa" opp kvardagen på eiga hand?

Venezia


Ei trist løve

Å rusle rundt i gater fulle av lydskuggar frå eigne bein er ei flott oppleving!


Arkitekturbiennalen 2008 var ikkje den mest revolusjonerande, men inspirasjoner er det nok av i denne byen! Høgdepunkt: Prosecco, Carlo Scarpa Museum, den japanske paviljongen - og ein heil dag i sola på eit einaste torg!





Thea skisserer ein av mange ideer

tirsdag 19. august 2008

EG SYR



Jepp, endelig var eg i gang! Den siste veka har eg fått sydd mange småting...Vart særskilt glad for å finne oppskrifter på enkle bokser til å ha småting i. http://www.liv-toril.no/ . På denne sida er det veldig mykje, men ikkje minst...trinn for trinn beskrivelse av ein del mønster..firkantbokser blant anna....



Og så fekk eg sydd nok ei veske, her akkopagnert av yndlingsstolen min - ein klassiker - loppefunn til 40 kr!